Etne IL oppfordrar bygdefolk til å bli med i eit folketog for å markera si frykt for kva som kan skje med kultur- og idrettssenter Skakke.
Etne kommunestyre vil bli møtt av eit folketog når dei kjem saman til ordinært møte tysdag ettermiddag. Bak aksjonen står Etne IL under leiing av tidlegare ordførar Sigve Sørheim.
Idrettslaget vil laga ei markering med klart signal til lokalpolitikarane om å få til ei løysing for det konkurstrua Skakkesenteret.
— Lag og organisasjonar som nyttar seg av Skakke er oppfordra til å koma til Skakke kl. 16.30 for å gå i folketog frå Skakkesenteret til Etne tinghus. Målet er gi dette merksemd i kommunestyremøtet som startar kl 17.00. Me ynskjer å setja dette høgt på agendaen til kommunen, samt alle andre eigarar av Skakkesenteret. Det blir halde parole kor skulemusikken og musikklaget vil spela utanfor tinghuset, skriv idrettslaget i ei pressemelding seint måndag kveld, signert Sigve Sørheim, leiar Etne IL og Håvard Matre, leiar Etne IL si fotballgruppe.
Fryktar stengt Skakke
I eit innlegg på Facebook tidlegare måndag skriv Etne IL blant anna.
— Sjå for deg ein situasjon, der Skakke er stengt og all trening utgår i hallen. Ingen klatring i klatreveggen, ingen turnshow til jul. Ingen innefotball når vêret er kaldt. Ingen konsert med musikk og skulekorps. Ingen kino, kulturarrangement og revy. Ingen Etnemarknad, Englebarn og Bøllefrø. Ingen plass å henga etter skulen, ingen open hall og undomsklubb.
Dette er realiteten om 14 dagar dersom kommunen ikkje snart kjem opp med ein plan som kan vera med på og redda Skakke, heiter det i meldinga der alle blir bedne om å gå i tog til tinghuset i forkant av tysdagens kommunestyremøte.