Her er noko av fangsten etter at myndigheitene aksjonerte i helga.
FOTO: VEGARD OEN HATTEN/FISKERIDIREKTORATET
Her er noko av fangsten etter at myndigheitene aksjonerte i helga. FOTO: VEGARD OEN HATTEN/FISKERIDIREKTORATETBilde 1 av 3
Denne teina hadde blokkerte flukt-opningar. Teina vart funne i Ålfjorden
FOTO: VEGARD OEN HATTEN/FISKERIDIREKTORATET
Denne teina hadde blokkerte flukt-opningar. Teina vart funne i Ålfjorden FOTO: VEGARD OEN HATTEN/FISKERIDIREKTORATETBilde 2 av 3
Denne hummaren vart sett ut att av Fiskeridirektoratet etter at den vart funne i ei ulovleg hummerteine i Ålfjorden. Foto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.
Denne hummaren vart sett ut att av Fiskeridirektoratet etter at den vart funne i ei ulovleg hummerteine i Ålfjorden. Foto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.Bilde 3 av 3

Fann ulovlege teiner

Ulovlege hummarteiner vart mellom anna funne i Ålfjorden då myndigheitene aksjonerte i helga.

I helga har har Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Statens Naturoppsyn (SNO) og Politiet aksjonert over store deler av Sunnhordland aksjonert mot ulovleg hummarfiske. Dei fann til saman 225 ulovlege reiskap, mellom anna i Ålfjorden i Vindafjord.

– Umerka reiskap utgjer størsteparten av beslaga. Nokre av desse er ulovlege hummarteiner der eigar heilt tydleg unnlèt å merke, medan brorparten er beint fram slurv, seier aksjonsansvarleg Ina Giil Solheim frå Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Meld til politiet

Det blir levert inn over 20 meldingar til Politiet.

– Dette er ulovlege reiskap med kjent eigar. Dei kan vente seg reaksjon og bøter frå Politiet, seier Solheim.

– Kontrollområda er valt ut med bakgrunn i tips, historikk og kjennskap til områda frå før. Dette er stader me er kjend med at det er mykje ulovlege reiskap, seier Solheim.

Fiskeridirektoratet har årlege samarbeidskontrollar med Kystvakta, Statens Naturoppsyn (SNO) og Politiet.

– Vi har gode erfaringar frå desse kontrollane med tanke på samarbeid og resultat.

Sidan kontrollen blei utført i hummarfredingstida, såg vi først og fremst på storleiken på fluktopningane på teinene vi kom over, fortel Solheim

20 teiner i fredningstida

Ein har òg sett på mengde teiner og merking:

– Fritidsfiskarar kan fiske med inntil 20 teiner på denne tida av året. Ruser er forbode, med mindre ein har dispensasjon til å fiske med ruser, seier Solheim.

Under sjølve hummerfisket er grensa 10 hummerteiner, men ein kan fiske med inntil 10 andre teiner, til dømes for krabba, samtidig.

Reiskapen skal òg merkast med namn og adresse på minst eit av vaka / ei av blåsene.

Alle som mistar reiskap må melde frå om dette til Fiskeridirektoratet.

– Ein kan nytte fritidsfiskeappen vår eller melde frå direkte, sier Solheim.

Hummarsesongen startar 1. oktober kokka 8, og alle som skal fiske hummar må registrere seg.