Politiet hadde sundag føremiddag ein kontroll kor dei sjekka sjåførar for både fart og promille på E134 ved Knapphus.
Heile 115 sjåførar måtte blåse i alkometeret, ingen fekk utslag. Men det vart skrive ut fem forenkla førelegg for fart, skriv Sør-Vest politidistrikt i ei melding på Twitter.
Sjåføren som trakka hardast på gasspedalen vart mål til 72 kilometer i timen. Det er 60-sone på staden.