Fem fekk fartsbøter

Fem sjåførar fekk forenkla førelegg då UP tidleg torsdag ettemiddag  gjennomførte ein laserkontroll i 60-sona på fylkesveg 46 ved Sandeid. Høgaste fart blei målt til 75 km/t, opplyser Sør-Vestpolitidistrikt.