Politiet var tilfreds med kva dei såg under ein trafikkontroll ved Vikedal skule tidleg onsdag morgon. Kontrollen var spesielt retta mot sikring av barn i bil og trygg ferdsel til skulen. Ti bilar blei sjekka, utan at det blei funne noko avvik, opplyser Sør-Vest politidistrikt.