Redda av røykvarslar

Ingen kom til skade då det begynte å brenna i eit bustadhus i Litledalen i Etne like før kl. 22.30 måndag kveld. Den første meldinga gjekk ut på «full fyr» i taket, men det viste seg at situasjonen var mindre dramatisk då brannmannskapet kom til staden. Like over kl. 23.00 var brannen under kontroll. Det var huseigar sjølv som meldte frå og han kom seg trygt ut av huset som ligg i nærleiken av Litledalsbrua. Politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor opplyser at brannen starta i andre etasje og at det var røykvarslar som gjorde at huseigar kunne slå alarm. Politiet kan førebels ikkje seia noko om brannårsak. Huset er avstengt inntil krimteknikarar frå politiet har vore på åstaden.