Mista førarkortet

 

Ein mannleg bilførar måtte levera inn førarkortet etter at han natt til søndag blei stoppa av politiet ved E134 i Skjold. Det var klokka 02.12 politiet utførte kontrollen, og etter mistanke om køyring i påverka tilstand, blei mannen i 20-åra eit sertifikat fattigare. Det blir også oppretta sak, melder operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.