Like før kl. 07.00 i dag kom det melding om eit mindre ras på E134 aust for Etne. Store mengder vatn og mellomstore steinar la seg ut i vegen ved Stordalsvatne og gjorde det vanskeleg å passera. Det er sett opp varseltrekant og entreprenør er tilkalla for å rydda vegen, melder Sør-Vest politidistrikt. Det er inn til vidare manuell dirigering, opplyser Statens vegvesen. Kraftig regnfall natt til onsdag gjer at det er vanskelege køyreforhold ei rekkje stader.