Udramatisk. Brannen i Public-bygget i Ølen var del av ei større øving der fleire naudetatar deltok.
Foto: Jon Edvardsen
Udramatisk. Brannen i Public-bygget i Ølen var del av ei større øving der fleire naudetatar deltok. Foto: Jon Edvardsen

Røykla store deler av Ølen

Flammane stod i vêret og røyken velta ut over sentrum då brannvesenet hadde øving i Ølen.

Det var dramatiske scenar då det interkommunale brannvesenet hadde ei realistisk øving i Ølen tidleg tysdag kveld. Objektet som det blei øvd på, det tre etasjars store trebygget som ungdomsklubben Public har hatt som tilhaldsstad, stod i full fyr.

Fleire naudetatar deltok i brannøvinga like ved Ølen vgs. Den var ikkje annonsert på førehand, noko som førte til at mange undra seg over kva som skjedde, og til tips til lokalavisa. Heller ikkje på Haugaland & Sunnhordland 110 sentral si Twitter-side, som blir nytta til å informera publikum, var det det lagt ut melding om øvinga før den var godt i gang.

Den påsette og kontrollerte brannen var god synleg frå lang avstand.