Unge og eldre aksjonerte i førre veke for å redde Skakke.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Unge og eldre aksjonerte i førre veke for å redde Skakke. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 1 av 5
Politikarane, med ordførar Siri Klokkerstuen høyrde på aksjonistane utanfor tinghuset.
Politikarane, med ordførar Siri Klokkerstuen høyrde på aksjonistane utanfor tinghuset.Bilde 2 av 5
Josephine Feder fortel at Skakke er viktig for ungdomen i bygda. — Det er ein plass vi kan vere, kor me føler oss trygge, seier ho.
Josephine Feder fortel at Skakke er viktig for ungdomen i bygda. — Det er ein plass vi kan vere, kor me føler oss trygge, seier ho. Bilde 3 av 5
Klar melding til politikarane frå ungdomen.
Klar melding til politikarane frå ungdomen. Bilde 4 av 5
Fleire hundre samla seg på plassen mellom Etne Sparebank og Etne tinghus.
Fleire hundre samla seg på plassen mellom Etne Sparebank og Etne tinghus. Bilde 5 av 5

Slo ring om Skakke

Fleire hundre unge og gamle etnebuar gav klar melding til lokalpolitikarane i Etne tysdag kveld: Skakke er viktig!

(Sjå video frå aksjonen nederst i artikkelen)

«Kor ska med trene om me ikkje har skakke?» var berre ein av dei mange parolane då fleire hundre personar gjekk i tog frå det konkurstruga kultur- og idrettssenteret tysdag ettermiddag.

Mange stilte opp

— Eg er her for fordi det er vi viktig sak for meg. Skakke er samlingsplassen vår. Ein plass me kan vere trygg, seier Josephine Feder til Grannar.

Ho var ei om lag 400 menneske som gjekk dei 3-400 metrane bort til tinghuset.

Skakke er samlingsplassen vår. Ein plass me kan vere trygg
Josephine Feder, Etne IL

Gjengen marsjerte til Etne tinghus og kor det vart halde ein appell i forkant av kommunestyremøtet.

Det var Etne IL som tok initiativ til demonstrasjonen.

— For å legge press på politikarane. I dag har dei kommunestyre utan forslag til korleis Skakke kan bli redda. Det likar me ikkje. Det hastar å kome i mål med ei løysing som kan sikre framtidig drift av senteret, seier Håvard Matre, leiar i Etne IL si fotballgruppe.

— Gjorde inntrykk

Aksjonistane fekk ingen tale tilbake frå nokon av politikarane. Men dei merka det ekte engasjementet.

— Det gjorde inntrykk, sa Ståle Tungesvik (Sp) medan han gjekk inn til kommunestyret.