Sjåfør vingla

Er sikta for promille.

Ei kvinne i 60-åra er meld og sikta for å ha køyrt i påverka tilstand i Ølen laurdag kveld, og måtte dermed ta blodprøve, opplyser operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt. Det var ein observant medbilist som registrerte vinglete køyring og varsla politiet.