Drifta sikra ut året.

Styreleiar Jorunn Bringeland Berge i Skakke SA (t.v.) og ordførar Siri Klokkerstuen kan slå fast at drifta av kultur- og idrettssenteret no er sikra. Men berre ut dette året. Bildet blei tatt i samband med folkeaksjonen for Skakke 18. september i år. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Skakke får pusterom

Drifta av Skakke er sikra ut 2018. Men framtida for Etne si storstove er framleis usikker.

av Torstein Tysvær Nymoen

Dette er Skakke-saka:

 

• I 2012 opna det nye Skakke-senteret, med tre eigarar: Etne kommune eig biblioteket og kulturskule-lokala, Hordaland fylkeskommune eig skuleseksjonen, mens Skakke SA eig idrettshallen, kinoen, multimediesal og kafé- og kjøkenareal. Fellesareala i bygget er organisert i ein sameigeavtale mellom dei tre partane.

• Etne kommune er største enkelteigar i Skakke SA med om lag 30 prosent av aksjane.  70 prosent av aksjane er fordelte på ei rekke frivillige lag og organisasjonar.

• I 2015 vedtok Hordaland fylkesting å legge ned Etne vgs. Dermed har fylkeskommunen heller ikkje lenger behov for å leige idrettshall og andre tilleggsareal som var eigd av Skakke. Frå juni 2019 mister Skakke SA 750.000 kroner i årlege leigeinntekter. Frå 2022 ytterlegare 181.000 årleg. Inntektstapet gjer at Skakke SA ikkje lenger vil vere i stand til å betene gjelda på 42 millionar kroner.

• Etne sparebank og Haugesund sparebank er dei to største kreditorane til Skakke SA. Dei har gått med på å senke renteutgiftene til Skakke frå cirka 5 til cirka 3 prosent, men har avvist å sanere gjeld.

• Skakke SA og Etne kommune har sidan i mars prøvd å finne løysingar som kan redde drifta. Så langt utan å lykkast.

Drifta av Skakke er sikra ut 2018. Men framtida for Etne si storstove er framleis usikker.