Berga plassen

Vats 94/Skjoldar hadde eit 2-1-tap å ta igjen etter første kvalifiseringskamp mot Åkra 2. På heimebane torsdag kveld gjorde vindafjordingane jobben sin og sikra plassen i fotballens 5. divisjon med knappast margin. Resultatet etter 90 minuttar blei 3-1 i det som blei eit spennande oppgjer. Ingen av laga skåra før pause, og det såg mørkt ut for heimelaget då gjestene frå Karmøy gjekk opp i leiinga tidleg etter sidebyte. Einar Nesheim Myhre ordna spenning i kampen med si utlikning knappe ti minuttar seinare. Først dryge ti minuttar før kampslutt kom leiarmålet til Vats 94/Skjoldar signert Ørjan Grønaleite, og det stod likt mellom dei to laga. Dagens helt blei Morten Frøland som med si avgjerande skåring i det 82. minutt sende heimelaget i den avgjerande 3-1-leiinga som også blei sluttresultatet. Dermed blir det 5. divisjon i Vats og Skjold også komande sesong.

Les meir om kampen og reaksjonane i måndagens papirutgåve av Grannar.