Vats og Skånevik har alt hatt sine julemesser. Denne helga er det Vikebygd, Ølensvåg og Etne sine tur.
Foreininga Vikebuen står som arrangør for laurdagens julemesse i Vikebygd bygdehus. Her er det opning med song av Cathrine Hamre og Sandra Marie Bjørnseth. På programmet står loddsal, kafé, kåring av årets vikebu 2018 og eit 30-tals utstillarar.
Vågen bedehus står i bresjen for julemessa i Vågen bygdesenter same dag. Inntektene her går til nytt bedehus i bygda.
I Etne er husflidslaget arrangør i samarbeid med Skakke, også dette laurdag. Arrangørane kan by på eit breitt utval av utstillarar. Husflidslaget har loddsal og trekkjer vinnaren av sitt årlege lotteri. Det er også open kafé og gratis kino for barna, «Jul i Flåklypa».