Klokka 10.20 sundag stilte politiet seg opp på E134 på Knapphus, for å kontrollere trafikken. Det var fokus på rus, fart, dokument og dekk. 65 bilar vart vinka inn til sida i løpet av den timelange seansen. Alle vart vinka etter sjekk, alle utan noko form for reaksjon frå lovens lange arm.