Uheldig i Davos. Ein skuffa Chris Jespersen fekk til slutt fram smilet under intervjuet med TV 2 etter løpet.
Foto: Skjermdump TV 2
Uheldig i Davos. Ein skuffa Chris Jespersen fekk til slutt fram smilet under intervjuet med TV 2 etter løpet. Foto: Skjermdump TV 2

Fall frå topp-plassering

Chis André Jespersen var svært nær med å ta sigeren i verdscuprennet i Davos sundag. På 15 km fri teknikkleia skåneviksbuen i store deler av løpet. Eit uhell i sporet i andre runde av løpet, der Jespersen hekta og tok salto, øydela for topplassering. Han tapte truleg over ti sekundar på fallet. På den endelege resultatlista var Jespersen 10,6 sekundar bak dagens vinnar, russiske Evgeniy Belov.

Det var ein gråtkvalt og svært skuffa Jespersen som blei intervjua av TV 2 etter løpet. Skåneviksbuen blei til slutt nummer fem. Martin Johnsrud Sundby blei beste nordmann på tredje plass.

Dette var likevel Chris Andre Jespersen sin beste prestasjon i langrennssporet på fleire år og ein stor opptur i ein sesong der VM er innan rekkevidde.