Eit nytt år er snart omme og lokalavisa vil igjen heidra ein person som har utmerka seg gjennom året. Til denne kåringa treng me hjelp frå lesarane. I første omgang ber me om forslag på kandidatar.
Lokalavisa for Vindafjord og Etne har dei tolv siste åra kåra ein lokal person som årets namn gjennom ei lesaravstemming. Sidan 2006 har hundrevis av forslag blitt lanserte og 72 gode kandidatar blitt nominerte til denne prisen. Dette har vore personar som har markert seg på ulikt vis.
Eldsjeler
Kandidatar me jaktar på er personar som gjerne blir kalla eldsjeler eller kvardagsheltar. I bygdene våre finst det svært mange som gjer ein ekstraordinær innsats på frivillig basis. Det kan vera dugnadssjeler, jobb for ei enkeltsak eller ei unik gjerning som kjem andre til gode i lokalsamfunnet. Slike personar finn me i organisasjonar, idrettslag, klubbane, men også utanfor det organiserte samfunnslivet.
Som lokalvis ser me det som viktig å trekkja fram folk som betyr noko, som gjer noko ekstra på fritida eller som pensjonist, og som er viktige for bygda og bidrar positivt for medmenneske eller for den gode saka.
De som lesarar kjenner eller veit om mange av desse personane, som heller ikkje alltid er like synlege i media eller på sosiale plattformer. Difor håper me at lesarane vil koma med innspel på personar som fortener litt heider.
Vinnarar
Oversikt over tidlegare vinnarar:
• 2006: Åse Handeland, Ølen
• 2007: Inger Karin Larsen Nerheim, Skånevik
• 2008: Elise Petra Bjerg Tokheim, Sandeid
• 2009: Jon Olav Velde, Vats
• 2010: Kari Johansson, Skånevik
• 2011: Gro Marit Messmer Larsen, Skjold
• 2012: Kenneth Birkenes (31), Elverum/Etne
• 2013: Chris André Jespersen, Skånevik
• 2014: Ole Arne Pedersen, Ølensvåg
• 2015: Arne Gunnar Habbestad, Ølensvåg
• 2016: Nils Andreas Åsheim, Skånevik
• 2017: Monica Grindheim, Etne
Seks kandidatar
Redaksjonen ynskjer nå forslag på Årets namn 2018 innan 20. desember.
Du kan senda forslag på e-post redaksjon@grannar.no, SMS til tlf. 97570789 eller ringja oss på tlf. 93255990.
Det er viktig å leggja ved ei god grunngjeving for kvifor forslaget ditt bør nominerast.
Personar som har vore nominerte dei siste åra, er uaktuelle. Dei bør ha ei sterk tilknyting til Vindafjord eller Etne kommune.
Ut frå innkomne forslag nominerer redaksjonen seks kandidatar som lesarane kan stemma på. Me kjem attende til avrøystinga like over nyttår og vil presentera Årets namn 2018 i løpet av januar.
Arne Frøkedal
redaktør