Digitalt framsteg. Redaktør Arne Frøkedal håpar dei nye nettsidene til Grannar vil bli meir oversiktlege og lette å bruka.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Digitalt framsteg. Redaktør Arne Frøkedal håpar dei nye nettsidene til Grannar vil bli meir oversiktlege og lette å bruka. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Tar eit digitalt løft

Moderne design, enklare bruk, fleire saker og med ein liten videosnutt innimellom er endringar lesarane av Grannar kan venta seg når den nye nettsida dukkar opp på skjermen torsdag føremiddag.

I 2004 vart Grannar for første gong tilgjengeleg på internett og heile tida har lokalavisa forsøkt å tilby betre digitale løysingar for sine lesarar. Det siste året har lokalavisa for Vindafjord og Etne igjen arbeidd med å utvikla sine nettsider, og gjennom samarbeid med teknologiselskapet Appex i Haugesund har Grannar nå utvikla eit produkt som skal bli både meir brukarvenleg, nye element og få ein meir tidsrett og oversiktleg utsjånad.

I dag blir den nye nettløysinga presentert for lesarane, og går alt etter planen vil den nye nettsida dukka opp både på mobilen, nettbrettet og dataskjermen når klokka passerer 10.

— Dette blir ein stor dag for Grannar og ikkje minst for lesarane når me nå får nytt design og nytt innhald, seier redaktør Arne Frøkedal og håpar abonnentane vil få glede av dei nye nettsidene.

— Det blir eit friskare og meir moderne design, og målet er det skal bli enklare for å bruka. Systemet gir oss også nye muligheiter for å presentera ulike type saker og større reportasjar på ein betre måte, seier han.

viktig å henga med i den digitale utviklinga, men papiravisa er fortsatt hovudsatsinga
Arne Frøkedal, Grannar

Video

I tillegg til ei meir oversiktleg nettside har Grannar ambisjonar framover leggja ut videosnuttar av små og store hendingar. Samstundes vil lesarane bli inviterte til å senda inn eigne videoopptak ting som det kan vera aktuelt å formidla vidare.

Ein ny kartbasert eigedomsbase vil også bli å finna på nettsidene, og ikkje minst kan lesarane gleda seg over å bla i gamle utgåver av Grannar og Vindafjordingen frå det aller første nummeret, som kom ut i 1973, og fram til i dag. Denne digitalisringa av tidlegare utgåver av lokalavisa vart tilgjengeleg for lesarane i august, og med dagens nye nettdesign vil det bli enkelt å leita seg fram i dei gamle avisene.

Fortsatt papir

Sjølv om digitale løysingar blir ein stadig større del av kvardagen for Grannar, har ikkje avisa planar om å gje slepp på papirutgåva.

— Det er viktig å henga med i den digitale utviklinga, men papiravisa er fortsatt hovudsatsinga til Grannar, seier redaktøren.

I dag har Grannar rundt 3.600 faste abonnentar og rundt 3.000 nyttar seg av nettversjonen kvar veke.

— Me ser ein positiv utvikling på nettlesing, og me har sett ein auke i bruk av data, nettbrett og mobil for å lesa lokalavisa. Den største auken ser me på mobilbruk, fortel dagleg leiar Arve Skogen som registrerer rundt 50.000 sidevisningar i veka på nett.

Mesteparten av stoffet er i dag øyremerka avisa sine abonnentar, og i framtida vil lesarane oppleva at stadig meir stoff berre vil vera tilgjengeleg for abonnentane

— Dette gjer me for å sikra godt journalistisk arbeid. Då treng me inntekter, seier Frøkedal og minner om at alle som ynskjer det kan kjøpa både enkle artiklar eller heile utgåver utan å vera fast abonnent.

Stort løft

Økonomisk er den nye nettsatsinga eit stort løft for lokalavisa, og med den nye løysinga håpar avisa på auka annonseinntekter på nett og få fleire abonnentar.

— Me har brukt fleire hundre tusen på å utvikla den digitale satsinga, og nå håpar me på meir lokale annonsørar på nett, seier Skogen.

Han har vore ein av pådrivarane for å få til ei løysing saman med teknologiselskapet Appex, og går alt etter planen vil den same løysinga bli å finna i fleire lokalaviser.

— Grannar har vore veldig aktive og bidrege til å utvikla den første versjonen. Så har me brukt god tid på å få alt klart, og nå er det fire til fem andre lokalaviser som har sagt at dei vil bli med, seier prosjektleiar i Appex, Harald Rosberg og snakkar varmt om samarbeidet med Grannar som starta i 2012.

— Me har hatt eit heilt topp samarbeid, seier han.

Kontinuerleg utvikling av nett er ein viktig faktor i dagens samfunn, og Rosberg understrekar kor viktig det er å hengja med i utviklinga.

— Om ein ikkje gjer det blir ein overkjørt av andre og blir utdatert. Denne nye versjonen er spesielt tilpassa mobil og brukarane vil merka ei forbetring både på det visuelle og på at ting går raskare. Nettsidene blir ryddigare og ein får betre overblikk, seier han.