Politiet fekk like over kl.12.00 torsdag melding om ein bil som har kyrt i ein lyktestolpe på Blikravegen i Vats. Det var glatt på staden då ulukka skjedde. Bak rattet sat ei eldre dame som kom frå smellen utan større skade. Det var materielle skade både på bil og stolpe. Lensmann Ingvar Gjærde opplyser at politiet har oppretta sak etter hendinga.