Ingen hadde promille, men fleire hadde snø

Fleire bilistar fekk ordre om å fjerne snø frå bilane sine då Utrykningspolitiet gjennomførte ein promillekontroll i Sandeid mellom klokka 09.20 og 10.20 tysdag.

101 bilar vart stoppa for kontroll, ingen av sjåførane fekk utslag for promille. Det melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.