Kristoffer Haraldseid frå Vats får Haugesund kommune sin idrettspris for innsatsen på fotballbanen i 2016.
Arkivfoto: Torstein Nymoen
Kristoffer Haraldseid frå Vats på flyttefot som fotballspelar. Arkivfoto: Torstein Nymoen

Kan vera på veg bort frå FKH

Vatsbuen Kristoffer Haraldseid (25) kan vera på veg bort frå FK Haugesund.

TV 2 melder måndag at FKH sin høgreback, Kristoffer Haraldseid kan bli Molde sin neste forsterkar. Sjølv har hovudpersonen så langt ikkje kommentert eit eventuelt klubbskifte.

Tippeligaklubben Molde, for tida mest kjent som Ole Gunnar Solskjær sin norske klubb, er i ferd med å forsterka laget på ei rekkje plasser føre den komande sesongen. Målet er å henta inn Rosenborg sitt forsprang i elitedivisjonen.

Etter det TV2 erfarer forsøker klubben å henta inn 25-åringen. Vatsbuen har ein god sesong i FKH bak seg der han har hatt fast plass i forsvaret den siste sesongen. Han har ei rekkje aldersbestemte landskampar bak seg.

Haraldseid som har kontrakt med FK Haugesund ut 2020-sesongen, har tidlegare uttalt at han ynskjer seg nye utfordringar utafor Haugalandet. Verken Molde eller FKH hadde måndag ettermiddag kommentert TV 2 sine opplysningar.