Fotballproff Håvard Nordtveit kan stå overfor eit klubbskifte.
ARKIVFOTO
Fotballproff Håvard Nordtveit kan stå overfor eit klubbskifte. ARKIVFOTO

Nordtveit til Premier League

Vatsbuen Håvard Nordtveit (28) går frå tyske Hoffenheim til Premier League-klubben Fulham. Ein utlånsavtale ut inneverande sesong blei stadfesta av klubben seint torsdag kveld, like før overgangsvindauget stengde.

Det var TV 2 som først skreiv at den norske landslagsspelaren frå Vindafjord var i samtalar med London-klubben med tanke på ein overgang. England var første destinasjon då Nordtveit som svært ung ung, drog utalands for snart tolv år sidan, den gongen til Arsenal. Seinare har han hatt eit kort opphald i West Ham, men har elles hatt mange gode år i tysk toppfotball.

Fulham ligg i nedre sjikt på tabellen og treng å forsterka forsvaret sitt, der Nordtveit i tilfelle er tiltenkt ei rolle.