Ni postkassar sprengde

Natt til fredag blei nok ein postkasse i distriktet sprengt. Ugjerninga skjedde i Ølensvåg. Folk i nabolaget høyrde eit kraftig smell og dagen etter fann eigaren postkassen smadra. Tidlegare i veka, natt til tysdag, skjedde det same i Blikravegen i Vats. Lensmann Ingvar Gjærde seier dei ser svært alvorleg på hendingane og ber publikum koma med tips. Han refererer til eit postbod som har registrert ni øydelagde postkassar på si rute den siste tida; sju i Blikrabygda og to i Ølensvåg. Tidlegare har politiet fått same type meldingar frå folk i Etne.