Det Norske Teater skulle torsdag denne vea hatt premiere på teaterstykket basert på Agnes Ravatn si populære bok Operasjon sjølvdisiplin. Det blir det ingenting av.
Over 1.300 personar har kjøpt billett førestillinga som skulle hatt urpremiere ved nynorskteateret i Oslo 14. februar. Nå er teaterstykket utsett på ubestemt tid, skriv NRK på sine nettsider.
Årsaka til utsetjinga er at teateret ikkje har greidd å koma i mål med førestellinga. Det spesielle med denne utsetjinga er at oppføringa involverer få aktørar, og med berre éin skodespelar (Charlotte Frogner).
Teatersjef og kunstnarisk leiar ved Det Norske Teater, Erik Ulfsby fortel til NRK at dei jobbar med å bli ferdig, men veit ikkje om dei kjem i mål. Han utelukkar ikkje at førestillinga kan bli avlyst.
Operasjon sjølvdisiplin er ei praktisk og alternativ sjølvhjelpsbok for mennesket i kvardagen. Agnes Ravatn har også skrive manuset til teaterversjonen, men har ikkje vore involvert i arbeidet med stykket. Til statskanalen seier forfattaren frå Ølen at det er trist at premieren er utsett og at det er synd for alle som har kjøpt billett.
— Eg reagerer ikkje ut over dette, fordi eg har forstått at det ikkje er uvanleg å utsetja, seier ho.
NRK sin teaterkritikar Karen Frøsland Nystøyl trur teateret kjenner på presset.
— Det er eit stykke basert på ei kjent bok, så det er kanskje noko med fallhøgda her, seier ho.