Saman om Odda Betong. F.v. Svein Atle Berge (Ølen Betong), Arve Kvåle (Høyer Odda), Lars Norekvål (Ølen Betong).
Pressefoto
Saman om Odda Betong. F.v. Svein Atle Berge (Ølen Betong), Arve Kvåle (Høyer Odda), Lars Norekvål (Ølen Betong). Pressefoto

Etablerer nytt betongselskap

Ølen Betong AS og Høyer Odda AS går saman om eitt nytt selskap. Odda Betong blir den nye betongleverandøren i Hardanger.

Frå og med 1. april vil Høyer Odda og Ølen Betong samkøyra betongaktivitetane sine i Hardanger gjennom nye Odda Betong. Dei vil eiga kvar sine 50 prosent i det nye selskapet, går det fram av ei pressemelding frå selskapa.

Høyer Odda har sidan 1986 levert entreprenør- og ingeniørtenester, samt ferdigbetong til kundar i heile Hardanger. Nå blir betongverksemda skilt ut frå Høyer, og vil inngå i Odda Betong, medan Høyer Odda si entreprenørdrift vil halda fram som før.

Ølen Betong har lenge vore ein sentral betongleverandør til både privatkundar og større prosjekt i Odda og Hardanger, og har den siste tida sett på moglegheitene for å etablera seg i regionen, opplyser daglig leiar Lars Norekvål i pressemeldinga og legg til:

— Odda og Hardanger er eit spennande område for oss, med mange prosjekt innan både samferdsel og bygg. Når me nå opprettar eit selskap med Høyer Odda, satsar me saman med ein godt etablert aktør, som kjenner marknaden godt.