Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Kvinne fast på fjellhylle

Klokka 18.10 fekk operasjonssentralen ved Sør-Vest politidistrikt inn melding om at ei kvinne i 30-åra stod fast på ei fjellhylle i området rundt Rullestadjuvet. Ho bad om bistand, og sende posisjonen på kor ho var til redningsmannskapa og både politi, frivillige og eit SeaKing helikopter rykte ut. Det blei meldt om dårleg sikt og snøbyger i området.

Rett etter klokka 19.00 melder operasjonssentralen at kvinna er plukka opp av helikopteret, og floge til Rullestad camping.

— Det gjekk fint å redda ut kvinna som har adresse i Haugesund. Ho hadde vore ute nokre timar og sannsynlegvis blitt overraska av både vêr og dårleg sikt. Å be om bistand var ei riktig vurdering av kvinna, som var kald men som ikkje hadde behov for anna helseoppfølging enn å få varmen igjen, seier operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt, Victor Jensen.