Rundt klokka 15 torsdag kolliderte ein lastebil med ein personbil på fylkesveg 46 i krysset ved avkøyringa til Vågafossvegen ved Imsland i Vindafjord.
Materielle skadar
— Ein personbil skulle svinge av vegen, og denne har blitt påkøyrd av ein lastebil bakfrå, opplyser operasjonsleiar Sølvi Ravndal ved Sør-Vest politidistrikt.
Naudetatane rykte ut då alarmen gjekk.
— Ingen personar har kome til skade i hendinga, men det er materielle skadar på køyretøya, seier Ravndal.
Beslagla førarkort
Føraren av lastebilen, ei kvinne i 50-åra, har fått førarkortet sitt beslaglagt av politiet.
Det var trafikale utfordringar på staden som følgje av hendinga, men like før klokka 16 melde Vegtrafikksentralen at vegen er open for vanleg ferdsel.