Vindafjordingar klare til Sp-landsmøte: Arne Bergsvåg, Sandra Christin B. W. Skarholm og Ingvild Skare. 
Pressefoto
Vindafjordingar klare til Sp-landsmøte: Arne Bergsvåg, Sandra Christin B. W. Skarholm og Ingvild Skare. Pressefoto

Stiller sterkt på Sp-landsmøte

Vindafjord Sp stiller med heile tre kandidatar når Senterpartiet denne helga gjennomfører sitt landsmøte på Hamar. Rogaland har ein stor delegasjon, og i denne er det heile tre frå Vindafjord. Dette er Arne Bergsvåg, Ingvild Skare og lokallagsleiar Sandra Christin B. W. Skarholm, som også er fylkesleiar i Rogaland Senterungdom.

— Både Vindafjord Sp, og Rogaland Senterungdom fekk igjennom resolusjonar på fylkesårsmøtet for éin månad sidan, og nå har me sendt nokre av desse til landsmøtet der me skal kjempa for dei, seier Sandra Christin Skarholm til Grannar.

Også Etne Sp er godt representerte på landsmøtet. Frå lokallaget stiller Mette Heide Bergsvåg Ekrheim og Kari Aakra.