UP er som alltid aktive med å sjekka påsketrafikken, og mange bilistar var uforsiktige med gasspedalen under ein kontroll på E134 i Grannar-distriktet tysdag ettermiddag. Heile 26 fartsbøter var resultatet denne store utfartsdagen, då laseren var i bruk i 80-sona. Høgaste fart blei målt til 114 km/t, melder Sør-Vest politidistrikt.