Tidleg laurdag morgon fekk politiet melding om ein mann på tur som hadde gått seg fast på Kåtanuten i Vindafjord. Mannen kom seg verken opp eller ned og mannskap frå Røde Kors måtte trø til for å hjelpa mannen ned, melder politiet i Sør-Vest på Twitter.