Tankbil hamna i grøfta på E134

Både politi og brannvesen rykte ut etter at det klokka 19.20 tysdag blei meldt om ei trafikkulykke på E134, på Grønstad aust for Etne sentrum.

Ein tankbil med fiskeolje hadde velta. Ingen personar kom til skade, og det var ingen lekkasje frå bilen. Men det ble lange køar på den sterkt trafikkerte stamvegen, og berre personbiler kunne køyre forbi.