Ein bilførar fekk sertifikatet inndrege i ein trafikk-kontroll i Etne fredag ettermiddag. Årsaka var for mange prikkar grunna brot på trafikkreglane. To forenkla førelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon i bil, var elles resultatet av kontrollen, melder Sør-Vest politidistrikt.