Gløym stillongs og ullundertøy. Årets 17. mai blir av det varme slaget. Meteorologisk institutt har onsdag lagt denne ut på Twitter:
— Bur du på Vestlandet, då bør solbrillene og solkremen finnast fram til 17. mai. Paraplyen blir igjen heime.
I meldinga varslar meteorologane både sol og varme på fredag. Gladvarslet er illustrert med eit varmefarga kart, pynta med solfigurar og temperaturar på godt over 20 gradar.