Grei siger på heimebane

Etne hadde fredag besøk av Rubbestadnes og heimelaget vann greitt 5. divisjonsoppgjeret 3 – 1. Det var gjestene frå Bømlo som i det 39. minutt tok leiinga i kampen på Etne stadion, og dermed stod det 0 – 1 ved pause. Etter sidebytte sette Etne inn støyten og netta raskt tre gonger. Først ved Thomas Lien like etter pausen, og deretter ved Tørres Rullestad og Sindre Kringlebotten. Det var Kringlebotten sitt sjette mål for sesongen. Som tabellen viser har Etne inntatt tredje plassen, men med éin kamp meire spela enn Avaldsnes og Djerv 1919 2 like bak.

Tabellen 5. divisjon avd. 4

Lag Kampar Poeng
1 Haugar 5 15
2 Ølen 4 12
3 Etne 5 11
4 Avaldsnes 4 9
5 Djerv 1919 2 4 9
6 * Hemmingstad 5 8
7 Nord 5 6
8 Vedavåg Karmøy 5 6
9 Stegaberg 4 4
10 Rubbestadnes 5 3
11 Sauda 5 1
12 Vats 94 /Skjoldar 4 0
13 Skudenes 5 0