Det opplyser ein glad ordførar Siri Klokkerstuen etter lang tids kamp for å bygga om det trafikkfarlege krysset heilt vest i kommunen.
Forskottering
Etter planen skulle spaden setjast i jorda i fjor, men manglande klarsignal til finansieringa har ført til fleire utsetjingar. Direktoratet har gitt grønt lys til at Haugalandspakken kan forskottera bygging av nytt kryss i avkøyringa til Sørstranda.
Espelandssvingane må vente
Det ligg også inne i søknad frå Haugalandspakken om utbetring av Espelandssvingane på E134 i Ølensvåg. Her har Vegdirektoratet ikkje svart ja i denne omgangen. Årsaka er at dette anlegget er langt dyrare enn Mørkeli-utbetringa. Det er godkjente planar for krysset i Etne og arbeidet kan i starta så snart det er praktis mogeleg,