Kom uskadd frå bubilvelt

Ingen kom alvorleg til skade då ein bubil velta på E134 ved Frønsdalsvegen vest for Ølensvåg torsdag ettermiddag. Bilen hamna utfor vegen og blei liggande på eit jorde like ved. Ulykke skedde like før kl 17.30. nDei involverte framstår som uskadde, opplyser Sør-Vest politidistrikt. Politiet er på staden og dirigerer trafikken som flyt greitt forbi. Europavegen vil bli stengt i samband med bilberging seinare på kvelden.