— Eksemplarisk oppførsel, er meldinga lensmann Ingvar Gjærde har til russen ved Ølen vgs og Lundeneset vgs. — Det har dessverre ikkje alltid vore slik, men årets russekull fortener ros, oppsummerer lensmannen. Politiet og SLT har hatt god dialog med russen under vegs, blant anna med besøk på skulane, og også foreldre har vore kontakta. — Alle våre tilbakemeldingar er at russen 2019 har oppført seg fint, seier Gjærde.