Klare for sesongopning i Vikedal. Sølve Østbø og Oliver André Matre er blant førarane arrangørklubben set si lit till under laurdagens motorstemne.
Foto: NMK VIkedal
Klare for sesongopning i Vikedal. Sølve Østbø og Oliver André Matre er blant førarane arrangørklubben set si lit till under laurdagens motorstemne. Foto: NMK VIkedalBilde 1 av 2
Bjørn Cato Aarekol frå Vikedal er blant favorittane. Han stiller både i crosscart og bilcross.
Foto: Privat
Bjørn Cato Aarekol frå Vikedal er blant favorittane. Han stiller både i crosscart og bilcross. Foto: PrivatBilde 2 av 2

Sesongstart med opning av nybygg

NMK Vikedal har gjort siste finpuss på motorbane og flunkande nytt klubbhus, og inviterer til motorfest.

Laurdag går første runde i Vestlandsmesterskapet (VM), og som del av arrangementet blir det opning av det nye klubbhuset på Motorbane.

Sesongopninga er første runde av seks i VM 2019, og i tillegg er det gjesteklasse for crosskart.

I bilcross junior gjer aldersgrensene at nokon går opp til senior, og nye unge kjem til. Dermed vil det nok vera dei eldste og mest erfarne som må finna seg i å vera favorittar.

Blant favorittane

Blant dei er Bjørn Cato Aarekol frå Vikedal. Han har køyrt crosskart i fleire år, og starta med bilcross junior i tillegg i fjor. Med siger i finalerunden i VM i Vikedal i september nådde han fjerdeplassen samanlagt. I år er pallen målet, men det blir hard konkurranse frå bergenserane, som alt har kjørt si sesongopning.

Brørne Sigbjørn og Sølve Østbø frå Ølen fekk ein god sesongdebut i Bergen før påske, og kvalifiserte seg til NMKs Landsfinale for bilcross på Gardermoen i august. Sigbjørn vart nr. 6 og Sølve nr. 3, og dei satsar på å kjempa om ein plass i A-finalen til helga.

Eit anna brødrepar som kan hevda seg i toppen er Sondre og Thomas Hundseid Eikeland frå Vikedal. Sondre var i fleire A-finalar i fjor, og Thomas har fått eitt års erfaring frå seniorklassa.

Elles er det fleire jenter som godt kan blanda seg inn i teten. Både Heidi Steine, Suldalsosen, Lena Haugland Rønnevik, Ølmedal, og Amalie Rønnevik, Vikedal, var i B-finalen i ein av VM-rundane i fjor.

Rallycross

Rallycrossklassane har 19 påmeldte, med flest i klassen t.o.m. 2400 ccm. Der er hardtsatsande Daniel Holten frå Vikedal påmeldt, men under trening sist helg fekk han motorproblem, så det er usikkert om han kan delta.

— NM-rundane startar alt helga etter på Konsmo, så han skulle nok absolutt hatt ei god gjennomkjøring i Vikedal. Dermed kan Lars Reidar Frøyland, Tysværvåg, bli den einaste lokale i denne klassen, opplyser Svein Erik Østbø i arrangørklubben.

I klassen over 2400 ccm debuterer Oliver Andrè Matre, Fitjar, i rallycross i ein Volvo 940. Han skal bryna seg m.a. på fjorårets VM-vinnar, Håvard Helland, Fitjar, og Michael Jensen, Skjold. I tillegg kjem Karoline Breivik, frå NMK Bergen og Os.

Crosskart

I gjesteklassane crosskart 650 og Xtreme er det totalt fire deltakerar. Bjørn Cato Aarekol, Vikedal, og Ingve Andrè Strand, Fitjar skal gjera opp om kven som er best i 650-klassen. Bjørn Cato sesongdebuterte i Kristiansand førre laurdag med å vinna det løpet, så han har kanskje eit lite overtak i den kampen.

Under sesongopninga vil det også bli opning av det nye garderobeanlegget og klubblokalet til nær 4,5 millionar kroner som er sett opp på Vikedal Motorbane i løpet av vinteren. Denne storsatsinga frå NMK Vikedal vil gi betre forhold både for deltakerar og publikum.