Slapp unna med skrekken

Ein bil køyrde ut av vegen og inn i ein fjellveg i Etne måndag kveld etter at ein hjort hadde hoppa ut i vegbanen. Uhellet skjedde på Strondavegen ved Børkjenes på sein kveldstid. Ambulanse blei tilkalla og ein lege som kom til staden, kunne fastslå at det ikkje var personskade. Dermed blei det heller inga politisak, melder Sør-Vest politidistrikt. Bilen måtte tauast vekk.