To fekk fartsbøter

Up sine folk vinka inn to fartssyndarar under ein laserkontroll på Sandeidvegen i 60-sone torsdag. Totalt 62 bilar blei kontrollerte på fylkesveg 514 mellom Sandeid og Ølen. Høgaste fart blei målt til 71 km/t, melder Sør-Vest politidistrikt.