Eit køyretøy mista ein del søppel på E134, inne i Åkrafjordtunnelen, tysdag føremiddag.
Hendinga førte til at tunnelen vart stengd i om lag ein time, fram til Statens vegvesen sin entreprenør hadde kome fram og fått rydda opp.
Like før klokka 11.30 meldte Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna att.