Geita svarte kvar gong politiet ropte

Dramatikken enda godt då ei geit gjekk seg fast i ein fjellsprekk i Øvre Vats måndag ettermiddag. Det var ein turgåar i Aurdalen som slo alarm og varsla politiet etter å ha høyrt skrik frå nokon som trong hjelp. Ved eit lite søk i området blei det konstatert at ei geit hadde hamna i skårfeste. Bonden blei varsla og husdyret blei etter kvart tatt hand om.

Politiet rapporterte om redningsaksjonen på Twitter, og kunne melda meir enn at geita var redda og bonden fornøgd: — Til informasjon så svarte geita kvar gong politiet ropte under søket. Bonden meinte at «her var respekt for autoritetar», heiter det i rapporten frå Sør-Vest politidistrikt.