Politiet er interesserte i tips i samband med brannen i Vindafjordhallen i Vats.
— Me er ute etter folk i området som har video eller bilde. Alt av tips frå midnatt er me interesserte i, seier Ingvar Gjærde, lensmann i Etne og Vindafjord.
Dette kan hjelpe politiet i arbeidet med å finne årsaka til brannen.
— Me jobbar ut i frå ulike hypotesar. Vitneavhøyr er føretatt, og me har gått ein runde med krimteknisk. Dette skal me setje i saman til eitt bilde for å finne brannårsaka, seier lensmannen.
Har du tips, tar du kontakt med Etne og Vindafjord lensmannskontor på telefon 51 89 90 00.