Politiet melder like etter klokka 10 at dama er funnen og teken hand om. Dama skal vere kald og våt, men ellers i grei form, skriv Sør-Vest Politidistrikt på Twitter. Ho blei funnen rundt 400 meter frå sjukeheimen, og er køyrd til legevakten for sjekk.
Dette etter at Sør-Vest Politidistrikt i morgontimane meldte om ei dement dame i 80-åra som hadde forsvunne frå Etne omsorgssenter.
Politiet, helsetilsette og frivillige leitemannskap deltok i søket.