Nytt innbrot på Bjoa

Det har igjen vore innbrot på Bjoa skule. Innbrotet skal sannsynlegvis ha skjedd natt til i går, torsdag, opplyser Arild Austrheim, fungerande lensmann i Etne og Vindafjord. Eit vindauge er brote opp, og dei uvelkomne gjestene har forsynt seg med ein bærbar data og ein dataskjerm.

— Me har ingen mistenkte, seier Austrheim.

Åstadsundersøkingar er gjort, og politiet er interesserte i tips frå publikum.

Dette er det tredje innbrotet ved skulen i løpet av eit snaut år. I juli i fjor blei eit tjuetals Ipadar stolne. Skulen fekk stå i fred fram til mai i år, men i byrjinga av juni blei det gjort eit nytt forsøk på å bryte seg inn, utan at tjuvane lukkast. No har altså uvelkomne vore på besøk igjen.