«Drama-queen» svindla butikk

Ei utanlandsk kvinne klarte å svindle til seg 500 kroner etter at ho skapte seg i samband med veksling av pengar på ein butikk i Skjold. Hendinga skjedde ved 9-tida tysdag.

Laga bråk

— Dette var ei skikkelig «drama-queen». Ho laga så mykje hurlumhei at den butikk-tilsette blei usikker og vart svndla, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Kjend metode

Han seier at metoden er godt kjend, men at politiet ikkje er kjend med fleire slike hendingar i Grannar-distriktet den siste tida.