— I Etne målte vi 30,1 gradar klokka 14, noko som betyr at vi har sett ny noregsrekord! Aldri får har vi målt over 30 gradar så seint på året noko stad i landet, skriv Norsk meteorologisk institutt på Twitter.
Klokka 15 tysdag vart det mål over 30 gradar så seint i august for andre gang i Noreg. I Etne det også, naturlegvis. Då hadde temperaturen nådd 30,4 (!).
I Etne i Hordaland målte vi 30,1 grader klokken 14, noe som betyr at vi har satt ny norgesrekord! Aldri før har vi målt over 30 grader så sent på året noe sted i landet. pic.twitter.com/XJeQPL56YI
— Meteorologene (@Meteorologene) August 27, 2019
OBS! OBS!
Grannar-distriktet har bada i sol og sommartemperaturar dei siste dagane, men alt har ein ende.
Og denne gongen blir det også ei særs brå vending i vêrsituasjonen.
Store delar av Vestlandet, inkludert Grannar-distriktet, må bu seg på dels kraftig nedbør fare for både flaum og jordras frå onsdag kveld til torsdag morgon.
— Frå seint onsdag ettermiddag til torsdag morgon er det venta kraftige bøyer nord for Boknafjorden, lokalt 15-35 millimeter nedbør, skriver nettstaden yr.no
Lengre nord er det venta enda kraftigare nedbør, der er nedbørsvarselet oransje.
Fare for flaum
Heile Vestlandet har fått gult farevarsel når det kjem til skredfare. Gult er det lågaste farevarselet, men det er ein grunn til at varselet blir sendt ut. Det betyr mellom anna fare for overvatn i tettbygde område, lokale overfløymingar og bekke- og elvelaupsendringar, og fare stengte vegar.
Folk blir oppmoda til å halde deg unna bratte skråningar og bekker og elveløp med stor vassføring. Vidar vert folk oppmoda om å reinse stikkrenner og andre vasslaup før nedbøren set inn.