Fråstole fiskeutstyr for 50.000 kroner

Politiet har fått inn ei melding om tjuveri av fiskeutstyr frå Håfoss i Etne.

Stengene skal ha stått inntil hytteveggen, og tjuveriet skal ha skjedd natt til søndag medan fiskarane låg og sov, opplyser lensmann Ingvar Gjærde.

— Fiskarane sat oppe til langt på natt, og var oppe igjen rundt 05.30. Då var stengene forsvunne, fortel Gjærde.

Fiskeutstyret har ein verdi på rundt 50.000 kroner, ifølgje lensmannen. Politiet ønsker tips i samband med saka.

— Er det nokon som har sett nokon gåande med eit lass med fiskestenger, er det fint om dei gir oss beskjed, seier lensmannen.