Distriktet har framleis låg arbeidsløyse, og bildet NAV syner er framleis nedgang i talet på ledige. Lokalt viser statistikken ved inngangen til september 85 ledige i Vindafjord mot 82 i førre månad. Det er 29 færre enn for eitt år sidan. I prosent av dei sysselsette er arbeidsløysa i Vindafjord nå 1,8 prosent. Inkludert ledige på tiltak er 2,2 prosent utanfor arbeidslivet. Også Etne kommune har auke i talet på arbeidslause den siste månaden; frå 25 i månadsskiftet juli/august, til 34 i siste statistikk. Det utgjer 1,2 prosent arbeidsløyse, som er blant det lågaste i regionen. I tillegg kjem fire personar på tiltak, melder NAV Vestland.
Dei nasjonale tala viser at arbeidsløysa i august ligg på 2,2 prosent, som er 0,1 prosentpoeng lågare enn i juli. Dette svarar til i underkant av 500 færre heilt arbeidsledige. Summen av heilt ledige og ledige på tiltak fall med om lag 1.100 personar i same periode. — Tala syner at den positive utviklinga i arbeidsmarknaden held fram, men det er fleire som ønsker å bidra i arbeidslivet. Derfor vonar eg at bedriftene ringjer Nav når dei treng folk, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i ei pressemelding.