Mista sau frå hengjar

Transporten frå lykkelege dagar i fjellheimen og heim til fjøset gjekk ikkje som planlagt for heile saueflokken, då den eine plutseleg ramla ut av tilhengjaren på E134 sundag.

Tipsa politiet

Sjåføren skal ikkje ha merka at flokken var redusert, men eit vitne til hendinga kontakta politiet.

— Ein patrulje fekk stansa transporten i Etne, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

—  Korleis gjekk det med sauen?

—Det er snakk om at den muligens brekte ein fot, fortel han.

Politiet har oppretta sak etter hendinga.

Ytre strøk

Sauetransporten var ifølgje lensmannen på veg til ein bonde på ytre strøk av Haugalandet.

Det er ikkje kjend om den uheldige sauen måtte bøte med livet som følgje av hendinga.